Beatriz Friscione er nominert til årets ildsjel i Kollektivtrafikken

Ein utretteleg pådrivar for betre og smartare skoleskyss

Beatriz Friscione er nominert til årets ildsjel i Kollektivtrafikken

Frå manuelle prosessar til automatisering Beatriz Friscione har jobba med skoleskyss i Skyss sidan 2019, og har gjennom alle desse åra vore ein utretteleg pådrivar for å gjere tenesta betre. Ho har vore sentral i utviklinga frå nesten heilt manuelle prosessar til automatisering av saksbehandling og vedtaksbrev.


Fagleg tyngde og praktisk gjennomføringskraft
Beatriz kombinerer fagleg tyngde med praktisk gjennomføringskraft og ei grunnleggande tru på at moglegheitene berre er avgrensa av fantasien. Ho nøyer seg ikkje med å identifisere kva som kan gjerast betre, ho følger ideane opp systematisk og arbeider målretta for å få dei gjennomførte.

 


Ser alltid kva som kan bli betre
Det som særleg kjenneteiknar Beatriz, er evna til å sjå forbetringsmoglegheiter i både små og store prosessar. Ho har vore ein viktig pådrivar for å vidareutvikle interne saksbehandlingsrutinar, og har jobba tett med systemleverandørar for å få betre funksjonalitet for alle brukarar. Resultatet er meir effektive arbeidsprosessar og ei stadig betre teneste.


Ein ressursperson for heile bransjen
Engasjementet hennar stoppar ikkje ved grensene til eigen organisasjon. Gjennom deltaking i nasjonalt skoleskyssforum og brukarforum for Eltele sitt skoleskyssystem har Beatriz etablert seg som ein ressursperson på tvers av organisasjonar og system. Ho deler erfaringar, hentar inn ny kunnskap og bidrar til at aktørane kan lære av kvarandre og utvikle seg saman.

 


Derfor er Beatriz nominert.
Beatriz representerer den typen pådrivar som skaper varig utvikling: fagleg sterk, løysingsorientert, samarbeidsvillig og alltid på jakt etter den neste forbetringa. Gjennom innsatsen sin har ho vore med på å modernisere skoleskyssen og samtidig bidrege til kunnskapsdeling og utvikling langt utover Skyss.

 


Beatriz inspirerer menneska rundt seg med entusiasme, nysgjerrigheit og ei smittande tru på at ting alltid kan bli betre. Ho kombinerer innovasjonsvilje med evna til å omsette idear til konkrete forbetringar, til nytte for både kollegaer, samarbeidspartnarar og brukarane av skoleskysstenesta

Les også: